Mostringar

Fire brør frå Moster og ein kar frå Kvinnherad reiste over til Amerika. Nokre av dei måtte bløffa på alderen for å få lov å vere med i kampen mot indianarane.

Midt på 1800-talet budde det ein mann på Grindheim som heitte Peter. Han var gift med Wilhelmine Cathrine Sem frå Børøy. Både mann og kone hadde foreldre som var flytta til Bømlo ein eller to generasjonar tidlegare. Dei hadde nok likevel røter i bygdene, for i 1848 tok dei Straumøyno på odelsretten til kona.

Det kunne nok vore interessant å gå attende og sett på kva slekter dei to kunne visa til. Etter namna på foreldre og søskjen kan det tyde på at det er adelsblod innblanda i bondeætta. Når far til Wilhelmine blir kalla Propritær på bygda, ligg det kan hende noko storkarsleg bak.

Men det er nokre av borna til Peter og Wilhelmine eg hadde lyst å stoppa litt ved. Den eldste heitte Nils. Han var fødd i 1836. Nesteldste var fødd i 1838 og heitte Hans Sem. Han var gift med Anna Johannesdatter Totland. Tredje sonen heitte Peter etter faren, og var fødd i 1841. Nest yngste sonen heitte Sophus Christian og kom til verda 1844. Alle desse fire reiste til Amerika. To born til vart fødd inn i huslyden, men Anna Kristine døydde same året som ho vart fødd. Andreas døydde i 1855. Han vart 7 år.

I ættarboka står det at Nils reiste til Amerika i 1869 med huslyden. Han kom attende og døydde på Grindheim i 1874.

Dei fire gutane må ha reist over i ei av dei første store bølgjene av amerikafararar, og hadde så vidt etablert seg i Norway Lake i Minnesota i 1862. Det årstalet for utreise som er oppgitt i ættarboka for Moster må derfor vere feil. Truleg har alle fire brørn reist saman. Yngstemann må truleg ha vore 17 år då dei reiste.

Ein av grunnane til at dette kan seiast, er at alle fire var med i krigen mot indianarane, eller rettare, mot siouxane. Denne krigen gjekk føre seg 1862 – 63, og dei hadde etablert seg med gard og husdyr å dei melde seg til teneste.

BLØFFA PÅ ALDEREN

Dei tre eldste hadde ikkje noko problem med å koma med i militærrullane. Dei hadde alderen. Yngstemann var berre 18, og måtte bløffa seg til deltaking. Eit par år var nok til at han fekk vere med.

Ein annan som måtte bløffa på alderen for å få lov til å vere med og kjempa mot ”indien”, var Mathias Johannesen Fjellhaugen. I innrulleringsbøkene står det at han var 44 år. Det vert sagt at han må ha vore over 50.

Opphaveleg var Mathias frå ein fjellgard i Matre. Etter ei tid med eigen båt i fraktefart, forliste han. Då gav han opp sjølivet og slo seg til på ein plass under Einstabøvoll i Valestrand. Han gifte seg og fekk fleire born. I tillegg til arbeidet på plasset var han postberar. Men så vart han smitta av reisefeber. Han hadde ikkje pengar til å kosta reisa sjølv, men fekk hjelp av svogeren, som også ville i veg. Dei reiste i 1856, og var nok komne til Norway Lake før Petersen-brørne kom dit. Kanskje Petersen-brørne kom seint til området, og det var nok ein av grunnan til at brørne måtte eit godt stykk ut frå sentrum for å få seg land.

Mathias budde nord for Norway Lake, og dei fire brørne noko sørvest for han, ved bredda av sjøen. Ein dag kom ei svensk dame springande. Ho var heilt avskremd, og fortalde om massakre av svenske busetjarar ved West Lake. Frå West Lake til garden til Mathias, må ho ha sprunge midt mellom gardane til Hans og Nils utan å ha stoppa der for å melda frå. Kanskje ho ikkje visste om busetnadane, sjølv om desse berre var ei mil frå gardane ho kom frå, og berre sprang austover for å koma lengst mogeleg bort frå myrderia der 13 menneske vart drepne.

Mange vart smitta av redsla, og ville i veg snarast mogeleg. Men Mathias kjende nok brørne så godt at han ikkje kunne reisa utan å gjera noko for å få dei med. Han fekk med seg ein annan, og gjekk vestover for å varsla.

Dei fleste som rømde, tok i veg snarast mogeleg. Men ikkje Petersen-brørne. Dei samla buskapen, og pakka det dei kunne få med seg på vognene før dei tok i veg austover. Dei reiste til St. Francis og slo seg ned der. Mange der hadde fått panikk og reist frå hus og gard, sjølv om det var langt frå indianarherjingane, så dei tok seg hus til seg sjølve og buskapen.

MEIR HERJING ENN KRIG

Borgarkrigen mellom sør og nord-statane tok nok mykje av ressursane til den unge amerikanske unionen. Det såg også ut for at denne krigen gjekk dårleg for statane i nord. Og mest all konsentrasjon vart samla om dette.

Indianarane dreiv ikkje krig slik krig ”skulle” førast, etter dei kvite sine reglar. Men dei kvite hadde brote reglane i høve til indianarane på andre område, og irritert dei kraftig. Unge indianarar meinte tida var gunstig for å gå til krig mot inntrengjarane i det dei rekna som sitt land.

Smågrupper dreiv rundt i skogane og kom inn på gardane. Her krov dei gjerne både mat og anna. Anten dei fekk eller ikkje, drap, herja og brende dei før dei for frå gardane. Nybyggjarane hadde ikkje mykje å stilla opp med mot dette.

Endeleg vakna styresmaktene. Soldatane vart utstyrte med betre våpen og hestar. Det vart også sett i gang vervingar. I og med at dei ”norske” områda var midt i området der det vart herja, melde mange norske seg som frivillige.

I første del av oppreisten, var det forta som skulle vera den sikre staden å røma inn til. Men her var det få soldatar, og mange av forta var berre ein krull hus. Dei fleste var lite egna til vern av større mengd menneske, eller eit landområde der folk budde spreidde. Eit angrep direkte mot fortet kunne dei nok verja seg mot, men dei kunne i liten grad gå ut frå fortet.

Det vart sett i gang to felttog mot indianarane. Dei vart drivne ut av området litt etter kvart, men ikkje før mange nybyggjarar var myrda.

Dei fire mostringane var med i siste felttoget saman med Mathias. Då dei tok ut frå ein leir som vart kalla Camp Pope, var det turt og varmt, og dei skulle over solsvidd prærie. Det var lite vatn å finna, og porsjonane var små. Ein av dei måtane dei fem sunnhordlendingane ordna seg på, var å passa på å stilla tidleg i kø for å få kaffi. Så når dei hadde fått kruset oppfylt, tømde dei det på feltflaskene og stilte seg opp i køen att.

FALL I KRIGEN

Dei fem sunnhordlendingan greidde seg bra, sjølv om temperaturen i skuggen kom opp mot 40 grader. Dei var med mellom dei som fekk vere med i siste kampane mot inianarane. Ein del av dei svakaste måtte vere att i ein leir som vart oppretta. 2000 mann fekk vere med i siste rundane. Etter ein lang marsj i ulent terreng, kom dei tilfeldigvis over ein indianarleir.

Komanderande gav ordre om å oppretta base og byggja vern. Soldatane murra nok ein del, for dei ville helst angripe med det same.

Åssidene var svarte av indianarar, vart det sagt. Truleg var det rundt 1000 krigarar. Det vart ein del forhandlingar mellom dei to partane. Medan forhandlingane gjekk føre seg, snakka kjente i den eine flokken med folk i den andre. Det var då feltlækjaren til hæren oppdaga kjenningar mellom indianarane, og reid opp for å snakka med dei. Det var nokre som åtvara han, men det brydde han seg ikkje om. Han hadde med seg brød og tobakk som han gav til kjenningane. Då small det. Ein indianar skaut lækjaren i ryggen. Forhandlarane for frå kvarandre og slaget var i gang.

Det som avgjorde slaget, var nok at våpena til indianarane på langt nær kunne måla seg med det soldatane hadde. Folket i indianarleiren fekk det travelt med å pakke saman medan krigarane hindra soldatane best dei kunne. Kvinner, barn og gamle flykta så fort dei kunne. Infanteriet greidde ikkje halda fylgje. Kavaleriet prøvde å angripe, men vart hindra best mogeleg, og indianarane kom seg unna.

2 soldatar fall, medan vel 20 indianarar miste livet. I ein trefning noko seinare ved Dead Buffalo Lake fall enno ein soldat. Også her miste indianarane fleire.

Enno ein gong gjekk indianarane til angrep. Det var då hæren var i ferd med å bryte opp frå leiren ved Dead Buffalo Lake. Dei første var alt komne eit stykke i veg då indianarane kom veltande. Over 2000 krigarar hadde dei moblisert. Det heldt på å gå gale for soldatane då første angrepsbølgja kom, men då soldatane kom over første sjokket, slo dei indianarane attende.

Heilt fram til Missouri forfylgde soldatane indianarane. Då dei låg i leir ved elvebreidda, gjekk dei raude til småangrep om nettene, utan at det førte til anna enn eit daudt muldyr og panikk mellom kveget dei hadde med som ferskmat.

Så stod berre returen att. 12. august braut heile styrken opp frå leiren dei hadde kalla Camp Atchison. Det var der styrken var delt og dei svakaste vart verande att. Det var varmt og lite vatn å finna. I grålysninga 13. august døydde Christian Grindheim. Mange soldatar hadde drukke alkalisk vatn, og var blitt sjuke. Christian vart gravlagt i ei kiste. Andre soldatar som døydde, vart sveipa i eit klede og gravlagt.

I ættarboka for Moster står det at Christian døydde i krigen mot indianarane. ”Da jore oss adle vondt at den gilde guten blei teken frå oss. Både offiserane og adle i kompaniet tåtte så møkje om han,” sa Mathias Fjellhaugen seinare.

Seinare vart grava funnen og ein minnestein vart reist over kvilestaden hans.

Dette innlegget vart lagt inn i Bømlo. Bokmerk fastlenkja.

Det er ikkje høve til å kommentera dette innlegget.